Vinmonopolet skal for første gong halde opent på påskeaftan.

I 2014 fekk den blåblå regjeringa fleirtal i Stortinget for å halde Vinmonopolet ope på valdagar og «aftnane», som til dømes påskeaftan. Men fram til nyttårsaftan i fjor har nordmenn møtt stengde dører kvar høgtidsaftan sidan lovforslaget blei vedteke. Årsaka er at aftnane var definerte som fridagar i tariffavtalen for dei tilsette i Vinmonopolet, skriv NRK.

– Det er ingen signal i organisasjonen som tyder på at det vil bli problem med å halde butikkane opne på påskeaftan. Dette er òg erfaringa frå opninga på nyttårsaftan 2016, seier Helge Storvik i Funksjonærklubben (FKV) til NRK.