Maritim Forening for Søre Sunnmøre, (Mafoss), er ei interesseforeining for skipsindustrien i den maritime klynga på Søre Sunnmøre. Dagleg leiar Terje Høybakk har registrert at Kleven Maritime AS, ei av medlemsbedriftene til Mafoss, framleis er med i kapplaupet om bygging av nye kystvaktskip.

Forhistoria er at det i november 2016 blei plukka ut seks verft som var prekvalifiserte til å bygge Forsvaret sine tre nye kystvaktskip. Alle seks fekk tilsendt kravsspesifikasjonar, og dette var Westcon Yards ​​​AS, Fitjar Mekaniske Verksted AS, Havyard Ship Technology AS, Ulstein Verft AS, Kleven Maritime AS og Vard Langsten AS.

Innan fristen, som var 15. mars, hadde berre tre av desse seks levert tilbod. Desse tre var Kleven Maritime AS, Westcon Group AS og Vard Group AS.

– Om bygginga av alle tre båtane blir lagt til eitt enkelt verft, slik det går fram av det Forsvaret har sagt så langt, så vil det vere eit heilt fantastisk oppdrag. Dette er snakk om ei milliardkontrakt, og arbeid i minst to til tre år. Dersom Kleven-konsernet lukkast i å sikre seg denne kontrakten vil det vere heilt utruleg bra, seier Terje Høybakk til Vikebladet Vestposten.

Har bygd kystvaktskip før

Kleven-konsernet har ein fordel i konkurranse med Westcon og Vard, meiner Høybakk.

– No har også Vard Langsten erfaring med å bygge skip for Forsvaret, då dei i fjor leverte etterretningsskipet Marjata. Men Myklebust Verft, eigd av Kleven, bygde jo tre kystvaktskip der det siste vart levert sommaren 2010. Kleven veit korleis ein byggjer slike skip, og bør vere ein naturleg favoritt til denne kontrakten, seier Terje Høybakk.

I august 2009 blei KV «Barentshav» levert, medan søsterskipa KV «Bergen» og KV «Sortland» blei levert i høvesvis februar og juli 2010.

Vil bety enormt mykje

Terje Høybakk er ikkje i tvil om kva ei eventuell kontrakt på nye kystvakter vil bety.

– Det vil bety enormt mykje for heile regionen. Frå innbyggjarane til underleverandørar, til Kleven-konsernet sjølv. Dette er truleg ei svært tøff kontrakt, om dei får den, men det vil også vere ei stor fjør i hatten for konsernet.

Kystvaktskip: Kleven er blant dei tre attverande verfta som konkurrerer om å bygge Forsvaret sine tre nye kystvaktskip. Slik som dette (biletet) ser Forsvarsmateriell føre seg skipa. Foto: Forsvarsmatriell.