Sjølv om kyrkja fekk nokre utmeldingar i 2016, etter folk fekk høve til å melde seg ut og inn av kyrkja digitalt, kan Ulstein sokn vise til gode medlemstal. I 2016 hadde dei 6539 medlemer, mot 6558 i 2015. I årsmeldinga er det oppgitt medlemstal for dei siste fem åra. Og bortsett frå det vesle fallet i medlemstal, har dei hatt ein jamn auke desse åra. I 2013 var det 6358 medlemer.

Mange går til kyrkje

Ulstein sokn har betre oppslutnad om gudstenestene sine enn landsgjennomsnittet og tala frå Møre. Ulstein sokn er faktisk på landstoppen med snittal på 185 på gudstenester (211 på hovudgudstenester.) Snittet på landsplan er på rundt 100 stk.

Som soknerådsleiar Anne Lise Kleven Godø skriv i årsmeldinga varierer det frå 12 stk. på morgonmesse til julaftan med så høge tal at mange ikkje får sitjeplass. Julaftan arrangerte soknet fire gudstenester, med til saman 1123 deltakarar.

I 2016 opplevde kyrkja 14 gonger at dei ikkje hadde nok sitjeplassar til alle. 23 gonger var besøkstala over 300.

– Dette må ikkje hindre folk i å kome, for det er flott å kjenne på at vi er mange som er i lag, står det i årsmeldinga.

Mange er delaktige

Ulstein sokn har mange som er involvert i gudstenestearbeidet. I fjor var det heile 302 personar som var med på frivillig basis og planla og gjennomførte gudsteneste.

Ei gruppe born er kyrkjesvaler og hjelper til med ulike oppgåver.

Ofte er det kor som opptrer under gudstenestene. I 2016 opptredde Korklubben og Tween Sing fem gonger kvar på gudstenestene i Ulstein kyrkje. Ulstein Ten Sing song på to gudstenester. Og Fjøresteinane har spelt på to gudstenester. Elles var det 17 gudstenester med solosong og fleire kor som opptredde i kyrkja.

– Det synest å vere ein tendens at oppmøtet er godt når det gjeld gudsteneste retta mot særskilde grupper, og dei er det heldigvis mange av, elles synest det vere ein liten nedgang i den faste flokken, står det i årsmeldinga.

Omfattande plan for trusopplæring

Soknet har laga ein lokal trusopplæringsplan. Der er det 26 tiltak med til saman 238 timar med undervisning for alle døypte mellom 0 til 18 år. Her er det tiltak for alle aldrar.

I fjor vart det innført to nye tiltak. Eit for femåringar og eit for 7-åringar.

Mange konfirmantar

Ulstein sokn hadde i 2016 91 konfirmantar, det vil seie at 83 prosent av 15-åringane i kommunen konfirmerte seg i Ulstein kyrkje. Året før var det 82 prosent. Dei tre åra før var det 87 %, 89 % og 88 %.

98,9 % av dei døypte på årskullet valde å konfirmere seg i kyrkja.

Snittet i Noreg har no kome ned i under 60 prosent oppslutnad om konfirmasjon i Den norske kyrkja.

Dåp, bryllaup og gravferd

I Ulstein var det i fjor 88 % som valde å døype borna sine.

Ulstein kyrkje har også fleire bryllaup enn tidlegare. Dei to siste åra har dei hatt 12 bryllaup. Soknet forklarer dette delvis med at dei siste åra har dei vigsla medlemer i soknet vederlagsfritt, uansett folkeregistrert adresse. Og dei har også byrja vigsle folk utandørs.

Kyrkja gravla 55 personar.

Ønskjer seg ny kyrkje

Soknet har stor aktivitet gjennom heile veka. Dei ønskjer seg meir tenlege lokale, og arbeider for å få ei ny arbeidskyrkje. Dei har som mål å samle inn 30 millionar i soknet. Ved utgangen av året hadde dei samla inn enkeltgåver og hadde avtalar til ein verdi på 4,761 mill. kr.