– Vi kan likevel bli endå betre, seier kommunikasjonsansvarleg ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Linn Urke Osnes.

Ifølgje undersøkingar gjort av Grønt Punkt kjeldesorterer nordmenn berre éin tredel av plastemballasjen som er i omlaup. Men, det gjeld ikkje innbyggjarane i dei fire kommunane Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, ifølgje SSR.

– Innbyggjarane er flinke til å sortere, og kundeundersøkinga vår viser at 9 av 10 kjeldesorterer plastemballasje. I 2016 leverte kvar enkelt av innbyggjarane i kommunane våre i snitt 7,5 kilo plastemballasje. Det er rundt halvparten av det ein gjennomsnittleg nordmann forbruker i løpet av eit år. Det vil også seie at vi har stort forbetringspotensiale til å sortere meir og betre, seier Linn Urke Osnes.

Mål om 9 kilo

Urke Osnes fortel at Søre Sunnmøre Reinhaldsverk har eit mål om at kvar enkelt innbyggjar skal levere 9 kilo plastemballasje i snitt i løpet av 2019.

– Det trur vi er fullt mogleg med litt ekstra innsats. Det er nok framleis nokre som er skeptiske til returordninga, då dei ser at SSR samlar inn plast og papir i same bil. Det dei ikkje ser er at vi sorterer ut plastsekkane frå papiret når bilen blir tømt inne på anlegget i Saunesmarka. Det er difor viktig at sekkane er ekstra godt knytte, og at ein nyttar originalsekkane, seier Linn Urke Osnes og legg til:

– Desse har små perforerte hol i seg som gjer at sekken ikkje sprekk i komprimatorbilen. Dette gjer at plasten ikkje blandar seg med papiret.

Ho ønskjer også å avkrefte det som har blitt som ei myte kring plastinnsamlinga.

– Nokre trur at plasten blir brent saman med restavfallet. Det stemmer ikkje, då all plast blir teken hand om av Grønt Punkt Norge si returordning for plastemballasje. Om lag 80 prosent av den innsamla plastemballasjen blir til nye produkt, resten er forureina plast som ikkje kan vinnast att.

Kvar kilo reduserer utslepp

Plast er eit særs haldbart materiale, og kan vinnast att ti gongar med god kvalitet.

– For kvart kilo ein resirkulerer sparer ein 2 kilo råolje og reduserer klimautslepp med om lag 2,7 kilo, fortel Linn Urke Osnes til slutt.

Grønt Punkt Norge går årleg gjennom tonnevis med norsk plastemballasje ved årlege rutinesjekkar av kvaliteten på plasten. Foto: Grønt Punkt Norge.