Torsdag 30. mars fylte den Oslo-busette ulsteiningen Ole Arne Eiksund 50 år. Dagen blei feira på aktivt vis.

– Ja, det kan ein verkeleg seie. Det var slitsamt, men også ei veldig hyggeleg ramme rundt det heile. Dagen blei avslutta med ein god middag om bord i hotellskipet RMS «Queen Mary», som har vore i opplag i Long Beach sidan 1967, fortel Ole Arne til Vikebladet Vestposten.

Han sprang maraton kvar einaste dag frå måndag til og med søndag den veka.

– Eg er berre så glad for at eg ikkje pådrog meg skadar tidleg i leiken, og at eg heldt ut til siste løpet var over, seier han.

Måtte berre prøve

Eiksund er til dagleg ein travel mann, og det var i samband med ein forretningstur til California i november i fjor at han fekk høyre om den ekstreme utfordringa der ein skulle springe sju maraton på like mange dagar. «Spring 7» heiter løpsserien, og den blei skapt av Charlie Alewine, ein amerikanar som har arrangert over 760 løp sidan han byrja med det i 2009.

– Eg fekk høyre om dette løpet då eg deltok i ein halvmaraton der borte. Dette var noko eg aldri hadde gjort før, så eg tenkte at dette måtte eg prøve, seier Ole Arne.

Med dei sju maratonløpa på rad passerte han også 90 maraton totalt gjennom sine år som aktiv løpar.

I tillegg har Eiksund gjennomført fleire ultraløp og eit 24-timarsløp på Bislett stadion.

– Heilt spesielt

Ole Arne fortel at det var ei heilt spesiell oppleving å springe langt i Long Beach.

– Vi byrja grytidleg om morgonen, i 6-tida. Det var mørkt, men samstundes ein behageleg temperatur, litt som gode sunnmørssomrar. Så var det målgang rundt klokka 10-11, eller alt ettersom når ein blei ferdig. Det gjorde at ein kunne nytte resten av dagen til å slappe av og restituere seg til neste dag og nok eit maraton, seier Ole Arne Eiksund.

Han fortel at han ikkje er like ihuga på springinga som ein annan utøvar frå Hareidlandet, hareidskvinna Therese Falk, men at han trivast godt med å vere aktiv.

– Eg spelte verken fotball eller dreiv med friidrett då eg vaks opp, men eg gjekk mykje på fjellet og dreiv med dykking. Å springe lengre løp byrja eg først med i vaksen alder, men sidan har eg berre heldt fram, seier Eiksund til slutt.

Sju maraton på sju dagar: Det var ei heftig medaljesamling Ole Arne fekk etter sju knalltøffe dagar i California. I midten ligg beviset på at han sprang alle sju løpa. Foto: Privat