Enkelte har trudd at Hareid kommunestyre på møtet i august skal bestemme utbyggjar og plassering av nytt helsehus i Hareid. Men det stemmer ikkje.

Under kommunestyremøtet i januar i år vart det fleirtal for at helsehuset skal byggjast ut i privat regi, ikkje kommunal, slik blant andre ordførar Anders Riise (H) i utgangspunktet foreslo.

Det som det var semje om på dette møtet var at plasseringa skal skje i området langs Kjøpmannsgata, i aksen frå rundkøyringa ved Hareid bedehus og ut til 1000-årsplassen ved Hareid ferjekai.

Vedtaket gjekk også ut på at det skal leigast inn prosjektleiar, og at endeleg kostnadsramme og arealbehov for den kommunale delen av prosjektet skal leggjast fram for kommunestyret innan utgangen av august.

Riise opplyser at det over påske skal hyrast inn ein prosjektleiar. Hittil har det vore byggenemnda og administrasjonen som har jobba med saka.

Enkelte har trudd at kommunestyret på august-møtet skulle avgjere både plassering og kven som skal få utbyggjaroppdraget.

Det stemmer ikkje. Til møtet i august skal kravsspesifikasjonane vere klar. Det skal ligge føre eit forslag om kor stort areal kommunen treng, budsjett og kostnadskalkyle, og det er dette kommunestyret skal ta stilling til i august, forklarer ordføraren.

I beste fall i oktober

Når dette er gjort går helsehuset ut på anbod, og dei private aktørane vil få ein frist til å levere inn tilboda sine.

Dersom alt går på skinner kan kommunestyret  velje leverandør kanskje alt i oktober. Men det kan fort kome skjer i sjøen, understrekar Anders Riise.

Dei to private aktørane som har meldt si interesse for å byggje helsehus, er Hareid Eiendomsutbygging på tomta nedanfor Euronics i Hareid hamn og  Ulstein Betong Constructer  på tomta mellom Melshorn Hotell og Hareid rådhus.

To private aktørar hittil

Til januarmøtet i Hareid kommunestyre låg det også føre eit forslag frå Bucci Arkitektur & Design, som på oppdrag frå Hareid kommune hadde teikna eit helsehus på tomta nedanfor husa til Johannes Hareide og Gudrun Hareide. Men fleirtalet i kommunestyret ville ikkje ha utbygging i kommunal regi.

Det kan sjølvsagt kome fleire private aktørar på bana.