Vårens siste snøfall?

April er ein lunefull månad.

Mange vart nok overraska då dei vakna i dag tidleg til snø utfor glaset. No skin sola, og snøen smeltar fort, men vil der kome nye snøfall?

Tja, ingen ting er sikkert. Yr.no melder sol og opplett i morgon. Men sjølv om det er greie temperaturar på dagtid, kryp gradestokken ned til null gradar på natta. Storm melder litt kaldare, ned i minus ein grad på Hareid. Korkje Yr eller Storm trur det blir nedbør, så om det stemmer blir det ikkje snø.

Tysdag blir det overskya. Og frå onsdag og heilt til over helga vil det regne. Og med regnet kjem varmegradane, opp mot ni gradar.

Neste helg blir det kaldare på natta igjen. Då er det større sjanse for nedbør, så då kan det bli kvitt igjen.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Møtast for fyrste gong sidan 2010 (biletet). Kampstart klokka 15:00:

Hødd - Byåsen LIVE

- Det viktigaste målet i norskfaget er å bygge karakter. Les kommentaren:

Bygge karakter

Laurdagspraten med Oddbjørn Grimstad:

Oddbjørn ryddar seg ut av kontoret

Hødd-juniorane ute av cupen etter straffekonk mot Molde:

- Veldig surt

Reisa til verdseliten i friidrett byrja nok så tilfeldig:

Slik blei Karsten best

Hareid sikra seg tre viktige poeng:

Tok tre poeng mot Rollon

Vann på 400 meter hekk i lag-EM i Finland:

Karsten utklassa verdseliten - igjen