– Dei nye turtala er svært gledelege og beviser at myten om turglade nordmenn faktisk stemmer, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv, som er ein fellesorganisasjon for femten frivillige friluftsorganisasjonar, til Nationen.

I spørjeundersøkinga som er utarbeidd på oppdrag av organisasjonen kjem det fram at så mange som 67 prosent er på fotturar, skiturar eller sykkelturar parkar eller andre grønt område, i skog og mark, på fjellet eller langs sjøen kvar veke eller oftare.

Personar i alderen 40–59 år er aller flinkast til å koma seg ut på tur, medan ungdom i alderen 15–24 år er minst aktive.

For å bidra til at fleire unge kjem seg ut på tur, meiner Heimdal det er viktig at foreldre gjev barna gode turopplevingar og set grenser for skjermbruken til barn og ungdom. Han meiner elles det er spesielt viktig å fanga opp unge som fell utanfor den organiserte idretten.