Å koma seg ut på tur i skog og mark står framleis høgt på prioriteringslista til mange nordmenn. Sju av ti er på tur i naturen minst ein gong kvar veke, viser fersk undersøking.
(Foto: Illustrasjonsfoto)

Å koma seg ut på tur i skog og mark står framleis høgt på prioriteringslista til mange nordmenn. Sju av ti er på tur i naturen minst ein gong kvar veke, viser fersk undersøking. Foto: Illustrasjonsfoto

Framleis populært med friluftsliv

Å koma seg ut på tur i skog og mark står framleis høgt på prioriteringslista til mange nordmenn. Sju av ti er på tur i naturen minst ein gong kvar veke, viser fersk undersøking.

– Dei nye turtala er svært gledelege og beviser at myten om turglade nordmenn faktisk stemmer, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv, som er ein fellesorganisasjon for femten frivillige friluftsorganisasjonar, til Nationen.

I spørjeundersøkinga som er utarbeidd på oppdrag av organisasjonen kjem det fram at så mange som 67 prosent er på fotturar, skiturar eller sykkelturar parkar eller andre grønt område, i skog og mark, på fjellet eller langs sjøen kvar veke eller oftare.

Personar i alderen 40–59 år er aller flinkast til å koma seg ut på tur, medan ungdom i alderen 15–24 år er minst aktive.

For å bidra til at fleire unge kjem seg ut på tur, meiner Heimdal det er viktig at foreldre gjev barna gode turopplevingar og set grenser for skjermbruken til barn og ungdom. Han meiner elles det er spesielt viktig å fanga opp unge som fell utanfor den organiserte idretten.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

NM: Hødd - Spjelkavik

4-1 siger over Spjelkavik

Hødd møtte Spjelkavik i første runde i fotball-NM.

Sjå kampen i opptak

Vikebladet Vestposten sendte direkte frå Høddvoll i samarbeid med Sunnmørsposten.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Hødd greit vidare i cupen

Etter ein litt tam første omgang, viste Hødd Spjelkavik kven som er storebror dei siste førtifem.

Statleg tiltakspakke:

- For dårleg informasjon

– Eg synest det er vanskeleg å prioritere kva tiltak eg skal gå inn for, sa Jeanette Teigene (Frp) under møtet i Hareid formannskap måndag.

Sambandet Hareid - Sulesund:

Normal drift frå torsdag

NM: Hødd - Spjelkavik:

No håpar Amani på "ketsjupeffekten"

Trass i raudt kort på tampen, var Amani Mbedule nøgd med to mål mot Spjelkavik.

NM: Hødd - Spjelkavik:

Ønskjer seg eliteseriemotstand

Torbjørn Kallevåg fekk seg eit mål heilt på tampen mot Spjelkavik.

Ny klinikk i Ulsteinvik

Opnar på Stålhaugane 3. mai.

"Hjemmebane"-innspeling på Høddvoll torsdag:

Treng statistar til straffekonkurranse-scene

- Det blir ein veldig artig opptaksdag, seier "Hjemmebane"-produksjonsteamet.

Vestlandsmeister

Anny Våge Molvær vann slalåmkonkurransen under Vestlandsmeisterskap i alpin i Myrkdalen.

Politiet ønskjer fleire tips frå publikum:

Har ikkje funne bilen

Ein raud bil av merket Peugeot, som so vidt klarte å svinge unna ein lastebil i Haddal måndag, er framleis ikkje funnen.

Ulstein vart beste ungdomsskule

Mange flotte prestasjonar under finalane på Skulecupen i friidrett.

Fjord 1 kan vere verdt nesten 5 milliardar

Det meiner meklarhusa som står for tilrettelegginga av børsnoteringa av ferjeselskapet.