Sunnmøre tingrett har avgjort at ei kvinne som er busett på Ytre Søre Sunnmøre kan haldast i varetektsfengsel inntil anna blir bestemt av påtalemakta eller retten, men ikkje ut over 9. mai i år.

Bakgrunnen for avgjerda er at kvinna vart pågripen av politiet seint om kvelden 8. april i år, og sikta for overtreding av straffelova § 272 jf. § 271.

Kan medføre høgare straff enn 6 månader

Retten meiner at kvinna med skjellig grunn kan mistenkast for ei straffbar handling som kan medførere høgare straff enn fengsel i 6 månader.

§ 272 handlar om grov kroppskrenking.

Ved avgjerd om at kroppskrenking er grov skal det leggjast vekt på om den har ført til sterk smerte, skade eller død, og om det har skjedd utan varsel, har karakter som overfall, er begått mot ein forsvarslaus personar eller har karakter som mishalding.

Men § 271, som det også blir vist til, seier at ei kroppskrenking kan gjerast straffefri dersom den er gjengjeld med ei kroppskrenking eller kroppsskade, eller  ho gjengjelder ei forutgåande kroppskrenking, kroppsskade eller særleg provoserande ytring.

- Brukte å slåss litt medan dei var saman

Det er ein ekskjærast til kvinna som er den fornærma i saka. Forsvararen til kvinna opplyste at mannen hadde besøksforbod fordi han hadde brukt vald mot henne fleire gonger. Sist dette skjedde var i desember 2016. Då ringde ho politiet, og det vart oppretta straffesak mot mannen. Men saka vart avlyst, fordi kvinna trekte meldinga.

- Dei  brukte å slåss litt medan dei var saman, noko kvinna også var med på, men ho var dame, og slo ikkje så hardt som han, heiter det i forklaringa.

Bruken av kniv var meir uprovosert enn tidlegare rekna med

Men så vart kvinna pågripen 8. april i år. 10. april  vart det vurdert å setje kvinna fri, men på bakgrunn av forklaringa til mannen vart det konkludert med at bruken av kniv var meir uprovosert enn tidlegare rekna med, og siktinga vart dermed endra.

Dette har gjort det naudsynt med ytterlegare etterforsking.

Det har ikkje vore mogleg å finne fengselsplass i Ålesund til henne fordi ho er kvinne, og det vart funne ein tilgjengeleg fengselsplass i Bergen.

Brev- og besøkskontroll

Påtalemakta har også begjært brev- og besøkskontroll i fengselsperioden.

Den sikta kvinna har anka avgjerda til lagmannsretten.