Bjarne Kvalsvik frå Uavhengig valliste for Sunnmøre har levert ein interpellasjon til Fylkestinget i Møre og Romsdal skal ha møte neste veke. Møtet er 26. og 27. april i Kristiansund.

Han og Kari Ristesund frå same liste har ein del spørsmål i samband med utbygginga av Sande fastlandssamband dei vil ha svar på. Her er interpellasjonen i sin heilskap:

INTERPELLASJON

Sande fastlandssamband har jobba i om lag 20 år med å få knytt øyane i Sande til fastlandet. Det har vore jobba med ulike løysinga og ulike trasear over lang tid.

Ein har no landa på undersjøisk tunnel, frå Voksa/Sandsøya, med kryss på botnen og ei eiga vegarm til Kvamsøya.

Våren 2016 vart kommunedelplan for Sande fastlandssamband vedteken i dei to kommunane Sande og Vanylven.

Ein har så langt jobba med den føresetnad at den undersjøiske tunnelen skal ha ei stigning på 8%.

Slik vi, i Uavhengig Valliste for Sunnmøre , vurderer den nye tunnelføreskrifta som trådde i kraft 1 januar 2015, er det kanskje svært vanskeleg å få bygge undersjøiske tunnelar med slik stigning som Sande fastlandssamband legg opp til.

Sidan dette etter kvart skal verte eit Fylkesvegsamband og erstatte fylkesveg-ferjesambandet på rute 01. Meiner vi Møre og Romsdal Fylkeskommune har eit stort ansvar for å få desse forholda avklara, så ein kjem vidare i arbeidet.

1. Fylkesordførar: Kva kan Fylkeskommunen gjere for å få fortgang i prosessen med å få stigningsforholdet avklara ?

2. Det vert hevda at dette er eit sjølvfinansierande samband, ved bruk av ferjeavløysingsmidlar. Er dette også Fylkeskommunen sin vurdering av prosjektet?

3. Fylkesordførar: Visst sambandet er sjølvfinansierande og ikkje vil påverke andre prosjekt i fylket. Då er det vel viktig med stor framdrift så prosjektet kan realiserast raskt?

4. Fylkesordførar: Kva kan eventuelt Fylkeskommunen bidra med for å halde oppe framdrifta?

Mvh Bjarne Kvalsvik og Kari Ristesund, Uavhengig valliste for Sunnmøre