Arkivfoto frå fjorårets XWave. (Foto: Foto: X2-festivalen / Kristian Kapelrud)

Arkivfoto frå fjorårets XWave. Foto: Foto: X2-festivalen / Kristian Kapelrud

Torsdag kjem det surfarar til Flø

X2 Festivalen har lagt den årlege surfekonkurransen til bølgjene utfor Flø.

Torsdag 20. april til sundag 23. april er det tid for X2 Festivalen i Ørsta og Volda. Det var studentar ved Høgskulen i Volda som starta denne festivalen for 11 år sidan. Sidan har festivalen vakse. No er festivalen Noregs største vinterekstremsportfestival.

Det er mykje som skjer under festivalen, mellom anna er det ein surfekonkurranse: XWave.

Denne delen av festivalen er lagt til Ytre Flø.

Arrangørane lovar at dei kan by på både høgre- og venstrebølgjer, beachbreaks, pointbreaks, og ei tilbakelent stemning. Dei ser litt an vêret. Det er tenkt at denne konkurransen skal vere torsdag føremiddag, men både fredag og laurdag er sett av i reserve. Det kan også vere at konkurransen blir flytta til Ervik. Dei vil gjere sitt for at deltakarane får surfa på dei beste bølgjene.

✕Wave er open for alle surfarar. Dei har to klassar; herre shortboard (18+) og kvinne shortboard (18+). Junior klasse blir etablert dersom fleire enn tre juniorar melder seg på.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Møtast for fyrste gong sidan 2010 (biletet). Kampstart klokka 15:00:

Hødd - Byåsen LIVE

- Det viktigaste målet i norskfaget er å bygge karakter. Les kommentaren:

Bygge karakter

Laurdagspraten med Oddbjørn Grimstad:

Oddbjørn ryddar seg ut av kontoret

Hødd-juniorane ute av cupen etter straffekonk mot Molde:

- Veldig surt

Reisa til verdseliten i friidrett byrja nok så tilfeldig:

Slik blei Karsten best

Hareid sikra seg tre viktige poeng:

Tok tre poeng mot Rollon

Vann på 400 meter hekk i lag-EM i Finland:

Karsten utklassa verdseliten - igjen