TV2 har henta inn tal for Grunnskolenes Informasjonssystem (GSI), Utdanningsforbundet og Kunnskapsdepartementet. Dei har laga ei sak der dei ser på kor mykje pengar kvar kommune fekk til å tilsetje fleire lærarar i 2015, og om lærartettleiken i desse kommunane faktisk har auka.

Gjennom forhandlingane til dei borgarlege partia fekk 100 utvalde kommunar frå 2015 tilskot til fleire lærarstillingar på 1.-4. trinn. Frå 2016 fekk alle kommunane tildelt øyremerkte midlar som skulle gå til å styrkje talet på lærarårsverk i skuleåret 2016/2017.

Oversikta deira syner at det er store forskjellar i Skule-Noreg. Men kommunane Hareid og Ulstein har styrka lærartettleiken i skulen.

Hareid

I 2014/2015 var i snitt 20,06 elevar per lærar i ordinær undervisning på 1.-4. trinn i Hareid kommune. I skuleåret 2016/17 var det tilsvarande talet 14,7 elevar.

I 2016 fekk Hareid kommune 717 624 kroner i øyremerkte midlar, noko som skulle vere nok til 1,02 lærarårsverk. Men den reelle forskjellen var 5,7 årsverk. Utnyttingsgraden for pengane blir på 559 prosent i utrekningane til TV2.

Ulstein

Ulstein kjem også godt ut i denne oversikta. i 2014/15 var det i snitt 17,42 elevar per lærar i ordinær undervisning på 1.-4. trinn i Ulstein kommune. I skuleåret 2016/17 var det tilsvarande talet 14,4 elevar.

Ulstein fekk 1,32 millionar i øyremerkte midlar i 2016. I teorien skulle det vere nok til 1,88 lærarårsverk. Men dei auka med 3,14 lærarårsverk. Og får etter TV2 sine utrekningar ei utnyttingsgrad på dei øyremerkte midlane på 167 prosent.