Førstkomande fredag (21. april) er det er landbrukskonferanse i Ørsta kulturhus. Konferansen har fått namnet "Vestlandsbonden".

Dit kjem landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Framstegspartiet) for å vere med. Dale skal han halde ein politisk appell. Det skal også Per Olav Lundteigen (Senterpartiet), Pål Farstad (Venstre), Ingunn Foss (Høgre), Paul K. Hovden (Kristeleg Folkeparti), Jørgen Amdam (Arbeidarpartiet) og Yvonne Wold (Sosialistisk Venstreparti).

Møteleiar er Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag.

Det blir også innlegg frå Einar Frogner frå Norge Bondelag, Merete Furuberg frå Norges Bonde- og småbrukarlag og Christian Anton Smedshaug frå AgriAnalyse/Vestlandsrapporten.

Konferansen blir avslutta med ein politisk duell mellom Lundteigen og Dale.