I Hareid kommune sin Kulturminneplan er skulebygget i Snipsøyrdalen tiltenkt rolla som framtidig skulemuseum.

Dette er Snipsøyrdalen grendalag positive til.

Kommunen skal ta over

Under årsmøtet 4. april i år gjekk deltakarar samrøystes inn for at det skal  arbeidast for at Snipsøyrdalen skule skal fullføre prosessen til å bli skulemuseum, og at Hareid kommune tek over heile skulen, inkludert regulert område.

Marit Kvammen og Willy Nesset vart valde av årsmøtet til å følgje prosessen på vegne av Grendalaget, og arbeide saman med kulturetaten om denne saka i tida framover.

Lagt ned i 1961

Snipsøyrdalen skule vart vigsla i 1910, og er eldste skulen i Hareid kommune. Skulestova med skuleområdet vart overteke av bygda på sekstitalet, etter at skulen vart lagt ned våren 1961. Eigedomen har sidan blitt vedlikehalden og teke vare på av bygdefolket i den tidlegare skulekrinsen, og det har vore lagt ned eit stort arbeid.