Salmekveld nummer 10 i Hareid kyrkje

«Påske og nytt liv» er temaet denne gongen

Kyrkjemusikalsk utval i Hareid sokn held i kveld onsdag 19. april sin salmekveld nummer 10 i rekka av salmekveldar som skal gjere oss betre kjende med den nye salmeboka. Kveldens tema er «Påske og nytt liv».

Vi har nettopp lagt bak oss påskehøgtida – og det vil vere salmar knytt til denne  - i ei vid ramme - som pregar kvelden.

1. påskedag peiker som kjent vidare framover mot pinse og Kristi himmelfart, så det kan høve godt å også minne om strofa «nytt liv av daude gror» i Elias Blix sin kjende og kjære pinsesalme «No livnar det i lundar».

Det blir mykje allsong – og elles deltek Wenche Roppen, Hege, Vibeke og Andrea Holstad med eigne songinnslag.

Ida Teige sit ved pianoet og akkompagnerer – og ei forsongargruppe hjelper til på allsongen.

Etterpå blir det servert mat og drikke.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten: