Så langt i 2017 er det heller ingen verft som har teikna kontraktar på offshoreskip. Det skriv Sysla/Maritime.no, som arbeidde fram denne oversikta.

– Det kan gå lenge før vi ser at verfta får meir offshorerelatert tonnasje i ordrebøkene igjen, seier Arve Holstad.

Omstilte seg til rett tid

Salsdirektøren og resten av sals-teamet i Kleven har mykje å hengje fingrane i, sjølv om tidene er svært tøffe for den maritime bransjen. Grunnen til det er at Kleven, til liks med mange andre aktørar i bransjen, så langt har lukkast bra med å omstille seg.

– Vi byrja med omstillinga i tide. Det ser ein på ordreboka vår, som framleis er sterk. Samstundes skal ein ikkje kimse av det faktum at det er knallhard konkurranse. Det er for mange verft og for få kundar, seier Holstad.

Kleven har per i dag 16 skip i ordreboka til ein samla verdi på ni milliardar kroner. Sju av båtane skal byggjast ved Kleven Verft, medan ni skal byggjast ved Myklebust Verft. Kronprosjektet blant desse må seiast å vere dei to (pluss to i opsjon) ekspedisjonsskipa Kleven Verft skal byggje for Hurtigruten.

– For mange båtar

Det er inga hemmelegheit at det i lengre tid før den verkelege nedturen kom, var langt for mange båtar i omlaup. Spesielt var det PSV-ane, eller plattformforsyningsskipa, som stod for den største overfolkinga. Det ser ein konsekvensen av ved fleire av dei større kaiene i regionen, der det ligg eitt eller fleire skip i opplag ved kvar av dei.

– Dette såg vi ville skje allereie i 2014, og var på denne tida godt i gang med omstillinga. Difor hadde vi greitt med oppdrag då det gjekk nedover for alvor, seier Holstad.

Frå kontorvindauga kan Holstad kike ut på dei flotte Maersk-båtane som ligg ved kaia, somme nærmare overlevering enn andre. I alt seks ankerhandteringsskip skal Kleven levere til den danske transportgiganten, og det første av dei, Mærsk Master, blei overlevert i slutten av mars. Det siste skroget kjem til Kleven i mai. Dette er også dei siste båtane innan nettopp offshoresegmentet Kleven har i ordreboka – så langt.

– Når siste båten seglar frå kaia blir det første gong på mange år vi ikkje har ordrar på offshoreskip. Det blir både litt rart, men også ganske så symptomatisk for tida vi er inne i, seier Holstad.

Passasjerskip og trålarar

Noko av framtida for Kleven, eller i alle fall den nærmaste framtida, er innanfor ein marknad Norge tradisjonelt sett ikkje har vore spesielt inne i, nemleg passasjermarknaden. Holstad og kollegaene er sjølvsagt godt nøgde med at Kleven sikra kontrakten med Hurtigruten, men han er også nøgd med ferjekontraktane med FosenNamsos Sjø, om bygging av to hybridferjer.

No skal det seiast at Kleven har bygd fleire hurtigruter tidlegare, men desse nye skipa vil likevel bli noko litt nytt for verftet.

– Det blir skip spekka med teknologi og komfort i ypparste verdsklasse, seier Holstad.

Også innanfor fiskeri har Kleven verkeleg fått fotfeste igjen dei siste åra. For utanlandske kundar skal Myklebust Verft byggje i alt fem trålarar.

– Det er veldig kjekt at utanlandske reiarlag vel eit norsk verft, seier Holstad, som fortel at verftet i Gursken også byggjer brønnbåt for Sølvtrans.

Kleven er også eitt av dei tre attverande verfta i konkurransen om å byggje tre nye kystvakter. Om sjansen for at Kleven kan lande denne kontrakten seier Holstad.

– Den er 33 prosent den.

Det er knytt stor spenning til bygginga av dei nye ekspedisjonsskipa til Hurtigruten. På kontoret sitt har Arve Holstad fleire slike modellar klare. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.