Dei siste månadene har det vore mykje snakk om all gummigranulaten som finn vegen ut av kunstgrasbanene og for-ureinar naturen.

Talet på kunstgrasbaner i Noreg har auka mykje siste åra. Gummigranulaten som blir brukt på banen er hovudsakleg laga av gamle bildekk.

Forum for natur og friluftsliv Møre og Romsdal har sendt  brev til alle kommunane i fylket for å kartlegge korleis dei handterer gummigranulaten i kunstgrasbanene sine. Det blir i skrivet hevda at kvar bane må etterfyllast med om lag 10 tonn per år.

Kjenner seg ikkje igjen

Men dette er ikkje tal dei kjenner seg igjen i på Høddvoll. Per-Arve Moldskred, som er driftssjef for anlegg, fortel at dei til saman har fylt på 10 tonn på alle åra dei har hatt kunstgras på Høddvoll.

Den første kunstgrasbanen kom i 2003, så fekk banen nytt dekke sommaren 2010. Ulsmohallen kom i 2007, Tarebingen i 2008 og nye Høddvoll var klar i 2015. Til saman har IL Hødd no til saman 20.000 kvm med kunstgras.

Gode rutinar

Moldskred meiner at det handlar om å ha gode rutinar. – Det meste av granulat-svinnet er ein konsekvens av snørydding, seier han.

Det forsvinn litt av banen med klede og sko, men det er ikkje så mykje. Han seier det kan sjå ille ut når ein samlar saman ein haug på stovegolvet, men granulaten er lett. Ein neve med gummigranulat veg ikkje mange gramma.

Når dei brøyter fotballbanene på Høddvoll, prøver dei å ikkje skrape opp så mykje granulat. Og haugane med snø blir skufla bort i kantar og krokar.

Fotballbanen ved Tarebingen er det heilårsdrift på, og blir regelmessig brøytt på vinteren. Granulaten blir samla ut til sida. Så kjem det eit firma og samlar opp, reinsar, og fører granulaten tilbake til banen.

Om der ligg ein del snø som er svart av granulat, sola skin og det er god snøsmelt, tar gjerne Moldskred snøfresaren og fører snøen med granulat tilbake på banen.

– Me har berre ein klode, og han bør me ta vare på. IL Hødd vil vere ein klubb som tar vare på miljøet vårt.