– Dette er veldig trist, men som følgje av at det ikkje har vore enkelt å drive dei siste åra, var det dette som måtte skje, seier Rigmor Kleven til Vikebladet Vestposten.

Takksam

Tysdag denne veka starta opphøyrssalet, for å få ut dei siste varene frå butikken.

– Vi kjem til å halde ope frå rundt lunsjtider og utover mot kvelden, så håper vi folk kjem for å finne seg noko fint. Eg er utruleg takksam for dei flotte kundane eg har hatt gjennom åra, men no er det slutt, seier Kleven.

Ho og fleire med henne stod og rydda dagen etter første dag av opphøyrssalet då Vikebladet Vestposten slo av ein prat. Lokalavisa var også innom lokalet då trykket var størst, og det var knappast mogleg å flytte seg ein meter i den 200 kvadratmeter store butikken.

– Det er flott å sjå at mange tek turen. Det hadde berre vore så mykje kjekkare om fleire hadde nytta tilbodet medan vi hadde ordinær drift, seier Rigmor Kleven.

– Det blei for tøft

Ho fortel at både konkurransen frå ein annan aktør i Ålesund og auka netthandel har ført til at det ikkje lenger var liv laga å drive butikk i Ulsteinvik. Ho starta også opp butikk på Åndalsnes i fjor, i tillegg til at ho dreiv nettbutikk, men no er både butikkane i Ulsteinvik og på Åndalsnes, i tillegg til nettbutikken, nedlagd.

– Det var ein fin steam fram til for rundt tre år sidan. Då kom det ein solid konkurrent i Ålesund. Det i tillegg til at nettet har blitt ein annan solid konkurrent, fører til at dette ikkje lenger gjekk. Det seier også litt når vi ofte fekk folk innom dørene som spurde om dei kunne prøve produkta våre før dei skulle bestille dei på nettet. Det skal seiast at dette gjeld ikkje berre oss, men også mange andre, også her i Ulsteinvik, seier Rigmor Kleven.

Ho meiner det er utruleg viktig at folk no blir betre på å ta vare på tilboda som er i Ulsteinvik. Ho ønskjer difor å kome med ei oppmoding.

– Om ikkje folk nyttar seg av tilboda som er her, så blir ikkje eg den siste som stengjer dørene.

Kamilla Grimstad Hagen, her med vesle Ingeborg på skuldrane, var innom Barnehjørnet for å kike på tilboda. – Eg var ikkje fast kunde her sjølv, men det er utruleg synd at eit slikt fint tilbod no forsvinn, seier Grimstad Hagen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.