Åshild Ringstad er på veg for å besøke dottera i Trondheim. Ho skulle ta ferje frå Hareid til Sulesund no i ettermiddag. Men då ho såg ferjekøa og høyrde at det ikkje gjekk ferje, var det like før ho snudde og reiste heim igjen. Ho har stått i kø ein time.

- Gje meg ei bru no, kommenterer ho til Vikebladet Vestposten.

John Synnes fortel at han reiser over sambandet 2-3 gonger i veka. Han synest det stort sett går greitt. Det var litt meir trøbbel for eit par år sidan. Han har venta i kø i ein halvtime for åkome seg heim igjen til Ålesund.

I køen er det også mange yrkesbilsjåførar. Per Ove Sund køyrer for Tine og har i dag vore på Kvamsøya og Hjørungavåg. No skal han køyre mjølka til meieriet i Ålesund.

- Eg kom ikkje med ferja som gjekk no, men det gidd eg ikkje hisse meg opp over, seier han, og legg til at det er viktig å ta det med ro når du er yrkessjåfør. - Litt ferjekrøll av og til må ein berre rekne med, seier Sund.

Roy Jostein Fiskerstrand reiser kvar dag med ferja mellom Hareid og Sulesund. Han bur på Sula og arbeider i Hjørungavåg. Det går stort sett bra. At det no er trøbbel med ferja er slikt som skjer, han kjem seg alltid heim.