Politiet på Sunnmøre melde ti over halv åtte torsdag kveld,  at Eiksundtunnelen var stengd. Det var på grunn av brann i eit køyretøy.

Politiet skriv på twitter at det kan hende brannen er sløkt, men naudetatane er på veg til staden.

Bommen gjekk ned og det danna seg etterkvart ei kø med bilar til omtrent midt oppå Eiksundbrua. Det kom ikkje røyk ut av tunnelopninga. Like etter åtte kom den første bilen ut av tunnelen på Eiksund-sida. Fem over åtte gjekk bommen opp, og bilane fekk køyre gjennom tunnelen igjen.

Sunnmørsposten skriv at politiet seier at det var røykutvikling i ein motor som førte til at eit brannsløkkingsapparat vart fjerna, og med det fekk Vegtrafikksentralen melding, og dei sende vidare melding til politiet.

Veit du noko om dette? Tips oss på redaksjon@vikebladet.no eller på telefon 700 18 500