Etter å ha drukke fleire glas med cognac sette ein mann seg bak ratten og køyrde mot Ulsteinvik sentrum ei desembernatt i fjor.

Køyreturen enda med at han miste kontrollen over bilen og hamna i grøfta.

Ein time etter køyreturen vart promilla målt til 1,8, noko som inneber fengsel utan vilkår.

Sunnmøre tingrett har sett straffa til 24 dagars fengsel, ei bot på 39.000 kroner og tap av førarretten i to år.