Ein rapport frå Tussa konkluderte for ei tid tilbake med at den beste løysinga ville vere å samle basestrukturen i bygget dei eig i Dragsund. Men slik gjekk det ikkje under generalforsamlinga til Tussa fredag. Ytre Søre tapte kampen mot Ørsta/Volda.

Ørsta kommune hadde ekstrameldt ei sak til generalforsamlinga der dei varsla at dei var sterkt usamde i konklusjonen i rapporten. Og med støtte frå Volda vann dei fram i generalforsamlinga.

Smp.:

Men saka er ikkje endeleg avgjort. Saka skal handsamast vidare i styret, og det er dei som gjer endeleg vedtak.