Arkivfoto frå mønstringa i fjor.
(Foto: Ole-Ottar Høgstavoll)

Arkivfoto frå mønstringa i fjor. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Vårmønstring i Fosnavåg

1. mai er det igjen tid for biltreff for gamle og nye amerikanarar.

No er det atter vår i landet, og det er på tide å få alle amerikanske glis uti sola.

Ta fram den gamle klassikaren eller den nye modellen frå ifjor og vis han fram på Vårmønstring 1. mai.

Dette er dagen då Fosnavåg blir invadert av amerikanske biler og mc.

 

Amcar Ytre Sunnmøre inviterer for 33. gang alle til Vårmønstring 1.mai på Herøy Kulturhus i Fosnavåg.

Som tidlegare år slepp alle amerikanske bilar og syklar gratis inn. Det har tidlegare år vore over 400 køyretøy og over 4000 personar innom portane denne dagen.

Vi får i år besøk av Palle frå Klypa som skal stå for premieutdelinga vår. So det blir nok sjansen til å få helse på han Palle på årets treff.

Nord Helikopter vil også i år komme med eitt helikopter. Det blir mogleg å sjå Fosnavåg frå lufta. Dette har tidlegare år vore særs populært både for liten og stor.

 

Også i år kjem den flotte gjengen frå HOG Chapter Nordvest på besøk.

I tillegg håpar arrangøren på å få besøk av nokre store flotte ”Big Rig’s”. Amerikanske trailerar ruver godt på norske vegar.

 

Innandørs blir det modellbilutstilling der folk kan ta med eigne modellbilar å stille ut. Det vil også vere stand av ulike slag.

Inne blir det også kafé der folk kan slappe av og kjøpe seg middag. I år serverer vi kjøttkaker tilberedt av kokkelinja på Herøy Vidaregåande Skule. Der vil også vere kiosksal på uteområdet.

 

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Kanskje kan det gå ein autonom båt inn til Ulsteinvik?

Rorbuer og bustader på Lyngneset

Hareid og Ulstein skal samarbeide om brannvern

Signerte kontrakten

Steinar Reiten, KrF om Runde Miljøsenter og maritim industri

-Bør samarbeide tettare