Aurora Dimmen Bratli var ei av mange på talarlista under landsmøtet til Arbeidarpartiet fredag. Ho opna sitt innlegg ved å nytte faren sin, maskinist Leiv Peter Bratli, som eksempel, og det var nok fleire av partifellene hennar som spissa øyrene ekstra godt.

- Far min er maskinsjef på redningsskøyta Halfdan Grieg. I 1991 gjekk han på det som blei kalla for maskinistskulen i Ålesund. I dag heiter den Ålesund vidaregåande skule, og dei utdannar framleis maskinistar. Namnet og læreplanen har kanskje endra seg, men det skulle vel berre mangle etter over 25 år. Men, tru det eller ei, det utstyret dei nyttar i 2017 er det samme som han nytta i 1991, sju år før eg vart fødd. Den gamle dieselmotoren som min far skrudde på, skrur dagens elevar på. Dette er for dårleg, kjære landsmøte, sa Dimmen Bratli frå talarstolen.

Her kan du sjå heile innlegget. (Ekstern lenkje).

Aurora Dimmen Bratli heldt fram med å seie at det er snakk om ein skule, ikkje eit museum.

- Når realiteten er slik at dei må jobbe med gammalt, utdatert utstyr, så førebur dei ikkje seg på å jobbe med dagens moderne utstyr. (...). Arbeid til alle er og skal vere den viktigaste saka til Arbeidarpartiet. Då er det minste vi kan gjere, å leggje til rette for at framtidas arbeidarar er rusta for framtidas arbeidsliv.

Føreslo utstyrspakke

Ho mana vidare til innsats for å få fram kompetente, oppdaterte og fagleg sjølvstendige arbeidarar.

- Det er eitt av våre fortrinn i den internasjonale konkurransen. Når ikkje utdanninga har utvikla seg i takt med næringslivet, kan det fortrinnet stå for fall. Vi treng difor eit reelt yrkesfagløft, sa Dimmen Bratli, som meiner at forslaga i partiprogrammet kring yrkesfag er gode.

Men, ho er altså oppteken av at elevane skal få opplæring i å bruke det utstyret dei vil møte i arbeidslivet.

- Difor føreslår eg å løfte satsinga på yrkesfag endå meir, ved å oppdatere utstyret ved yrkesfagskulane.

Ho ser føre seg ein utstyrspakke til ein verdi på kring 1 milliard kroner til fordeling på dei ulike yrkesskulane.

- Min far gjer ein god jobb som maskinist, og det er vårt ansvar at også framtidige fagarbeidarar gjer ein god jobb, sa ho, og oppmoda til slutt landsmøtet om å stemme for utstyrspakken.