Skal me tru på vervarselet til Yr.no kjem det snøbyger over Hareid og Ulstein sundagsmorgonen.

Det skal vere plussgrader i lufta, men sundag klokka åtte vil nedbøren kome som snø i Hareid. Det vil også kome noko snø eller sludd natt til måndag. Også i Ulsteinvik vil det snø same tidsrommet.

Her kan det bli lokale skilje på Hareidlandet. I Ringstaddalen og i Kaldholen vil det byrje å snø alt laurdagskvelden, og snøen vil lave ned utover sundag morgon og føremiddag.

Det positive er at det er meldt ein del sol neste veke.