I dag er det mogleg å stikke innom Kulturalmenningen å få med seg ein søppelsekk.

- Du rydder kvar du vil, så lenge du ikkje ryddar eigen kjellar, spøker Linn Urke Osnes i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

Ulsteinordførar Knut Erik Engh oppmodar alle til å bidra til å rydde. Det er to grunnar til at han støttar denne aksjonen. Det eine er at han er glad i nærmiljøet vårt og ønskjer å halde det rydding. Det andre er at han ser at dette er i ferd med å bli ei global katastrofe. I stillehavet ligg det ei øy av plastsøppel. Øya er fire gonger så stor som Noreg. Me må gjere noko å rydde etter oss og stoppe å forureine så mykje.

Alle som stikk innom Kulturalmenningen og registrerer seg, og leverer søppla i innan klokka 15.00 er med i treninga av fine premiar.

Ta gjerne bilete av at du ryddar og eventuelt kva du finn og send inn til redaksjon@vikebladet.no og/eller legg det ut på Instagram og Facebook med merkinga #tavaha #ssr #holdnorgerent #strandryddedag #strandryddedagen