Ulstein kommune gjennomfør-er denne veka og neste veke fire folkemøte rundt omkring i krinsane. Det er tre tema som går att på alle møta: kulturminne, trivselstiltak i krinsane og kommunedelplanen. Og til slutt i møtet er ordet fritt for andre tema bygdefolket vil ta opp.

På Ljosheim på Ulstein møtte det rundt 20 bygdefolk og seks frå Ulstein kommune. Her var fleire som hadde mykje på hjartet. Fleire var misnøgde med vedlikehaldet til kommunen. Fleire stader veks graset og høymolene. Det er planlagt ein del nye bustadtomter på Skeide, og fleire leikeplassar, men kven skal vedlikehalde desse leikeplassane? Kommunen kunne ikkje love å ta ansvar for det. Det såg dei som naturleg at dei næraste naboane som brukar leikeplassen gjer. – Om ikkje nabolaget tar felles ansvar, gror det fort igjen, spådde ordførar Knut Erik Engh, som også leidde møtet.

Hans Otto Skeide ville vite om han kunne slå gras på kommunen sitt område. – Ingen problem, kom det kjapt frå Arne Runar Vik, konstituert assister-ande rådmann.

Ulstein kommune har i mange år hatt som mål at det skal vere tilgjengelege bustadtomter i alle krinsane. Bør ein halde fram med det? Her var det delte meiningar. Erling Ove Flø meinte at kommunen bør ta større omsyn til dyrka mark. Han synest der bur nok folk både på Flø og i Ulstein kommune. Om ein skal byggje fleire bustader, kan dei bu i høghus i sentrum, eller ta i bruk skrinn jord i Ringstaddalen.

Oddgeir Nygjerde meinte at ein bør tenkje på etterspørsel når kommunen legg til rette for bustadbygging. Det er positivt at han får fleire naboar på Skeide. Kommunen bør tenkje på skule i samanheng med tomter. Det har vore ein stor folkevekst i sentrum, men det er ikkje skule til det. Ulsteinvik barneskule er sprengd. Men det er betre plass på skulane i krinsane.

Peter Flø minna om at byggjefeltet på Flø frå 1996 framleis ikkje er ferdigstilt. Der manglar mellom anna lys. Han lurte også på om det er håp om å få barnehage i krinsen, eller skal alt innom Halsesvingen?

Dette var eit innspel kommunen vil ta med seg. Rådmann Verner Larsen fortalde om den relativt ferske kartlegginga som har vore gjort der dei har sett på framtidig behov for skule og barnehage. Sjølv om folketalet stadig aukar, ser det ut til å vere nokså stabilt barnetal.

Det er lagt ein del overskotsmasse frå Ulstein Arena langs vegen på Skeide. Der skal det bli gangveg. Det kom spørsmål frå salen om kvifor arbeidet ikkje er ferdigstilt. Til det svara kommunen at no er heldigvis prosjektet fullfinansiert, men dei har ikkje kome i mål med skjønn med grunneigarane. Når dei er det, vil dei gjennomføre utbygginga.

Til slutt i møtet, når ordet var fritt, reiste Asbjørn Flø seg. Han rosa kommunen for å gjennomføre slike møte i krinsane. Men han synest det går vel tregt med kommunen i å avhende dei nedlagde grendeskulane til bygdene. Kommunen har jobba med dette sidan 2008 utan å kome i mål. Han fortalde om branntilsynet som vart gjennomført i 2010, men feila vart ikkje retta på. Åra går, og lite skjer. Han lurte på om kommunen meiner bygdefolket på Flø er lite verdt sidan dette tregar slik ut.

– Eg skal vere den første til å beklage at det har gått så lang tid, sa ordføraren, som håpte at dei snart kjem i mål både på Flø, Eiksund og Dimna. Saka skal på ny opp i kommunestyret i mai. Tor Kalland frå Flø sa at der no er ein plan. Dei har avtale med UEKF om å ordne opp.