Omtrent kvart over to i dag (laurdag) skreiv politiet på twitter at ein lastebilhengar hadde velta i ei grøft i Myrvåg i Herøy kommune.

Lastebilsjåføren hadde fått hjelp til å få hengaren opp på vegen att. Politiet rykte ut til staden for å undersøke saka, men då dei kom fram såg dei ikkje snurten til korkje lastebilen eller hengaren.