Ein som sette pris på at det endeleg er kome heis er Bjarne Hildre. Han har sitte i rullestol siste åra, så no var det lenge sidan han har vore lenger oppe i etasjane på museet. Han gler seg til å endeleg kunne vere med på arrangement igjen på huset. Dei siste arrangementa han har vore på har han sitte i førsteetasjen med høgtalar. Det blir ikkje heilt det same.

- Dette er heilt topp, kommenterte han til Vikebladet Vestposten, i øvste etasje.

Etter styreleiar ved museet Trygve Holm og stortingsrepresentant Oskar Grimstad hadde stått for den høgtidlege opninga og snorklippinga, fekk Hildre vere med på den første heisturen. Førstereisgutane var Bjarne Hildre, Oskar Grimstad, Trygve Holm og Ragnar Thorseth.

Det er faktisk to heisar som er kome på plass på museet, på grunn av karnappar. Den første heisen går frå første til tredje etasje. Så er det ein liten heis frå tredje til fjerde etasje.

- Oskar fiksa biffen

Trygve Holm var lukkeleg over at museet no har fått på plass heis, så heile museet er tilgjengeleg for folk som er dårlege til beins. Det gjekk fortare enn venta å få samla inn pengar til denne heisen.

- Jens Peder Brandal er ikkje den som sit stille i båten, sa Holm og fortalde at Brandal ringte Oskar Grimstad. Grimstad fekk fleirtal med regjeringskameratane sine om å løyve 2,5 millionar til heis til museet.

- Han blir merka for resten av livet for jobben han har gjrot her, takka Holm til stor applaus frå mange frammøtte. Han skrytte også av Riise Bygg som har vore byggherre.

Oskar Grimstad nytta høvet til å skryte av Annika Brandal. han fortalde at Ola Elvestuen ville ringje Venstre i Møre og Romsdal for å høyre om det var eit godt tiltak å bruke så mykje pengar på. Då var Grimstad snar med å ringje Annika Brandal for å få ho til å kontakte fylkesleiinga i Venstre. Og Brandal var snar med å fortelje partifellene sine i Venstre om at dette var eit veldig bra prosjekt. Så var det applaus for Brandal.

Grimstad snakka også om kor mykje han brenn for selsfangst-næringa. Han spår at dette er ei næring som vil ta seg opp igjen, ho er viktig for den økologiske ballansen i havet.