I september 2011 vedtok Hareid kommunestyre at det inntil vidare skulle vere tilsettingsstopp i kommunen. Formannskapet fekk mynde til å disponere dette etter særskilde vurderingar og vedtak.

Saka om tilsettingsstopp var også oppe i formannskapet veka etter vedtaket i kommunestyret – og seinare i november same år og i kommunestyret i mars 2014.

Bakgrunnen for tilsettingsstoppen var at det under rekneskapsrapporten på det nemnde  kommunestyremøtet i september 2011 såg ut til at Hareid komune kom til å gå med eit underskot på 5-10 millionar i  løpet av året. Påtroppande ordførar  og varaordførar, Anders Riise og Dag Audun Eliassen, ville spare pengar.

For ein periode

Tilsettingsstopp vil seie at det ikkje skal tilsetjast personale i ein gitt periode. Når ein innfør-er slik stopp, er det vanleg å vedta kor lenge stoppen skal vare, og så evaluere om det har ført til at ein har redusert/fått kontroll på lønsutgiftene.

Når det er tilsettingsstopp, er det også opp til områdeleiarane (no kommunalsjefane) å grundig vurdere om det er forsvarleg å la stillingar stå vakante, anten det gjeld faste eller mellombelse stillingar eller sjukevikarar. Rådmannen gjer vedtak så sant det ikkje gjeld sjukevikarar. Der kan kommunalsjef delegere til einingsleiar.

I sakspapira til Hareid formannskap ser ein at lønsutgiftene til kommunen har auka desse åra, men det er kanskje også naturleg med årleg lønsvekst. Kommunen har ikkje analysert effekten av tilsettingsstoppen. Men det står at det har vore innsparingar, men også auke i lønsutgifter utover det som lønsveksten medfører.

Fagforbundet reagerer

Fagforbundet har ytra misnøye mot tilsettingsstoppen. Dei viser til at det spesielt i sektor for velferd og oppvekst er tilsette som går på mellombelse arbeidskontrakter. Desse burde ha vore tilsett fast, meiner dei.

I 2015 vart Arbeidsmiljølova endra, så folk kan ikkje vere tilsett mellombels lenger enn tre-fire år. Lova har også blitt endra til at deltidstilsette har rett til stillingsprosent tilsvarande faktisk arbeidstid, med visse avgrensingar. Kommunen har fått fleire krav om fast tilsetting etter tilsettingsstoppen, noko dei også har innfridd, for å hindre at det kjem til rettsapparatet.