Laurdag stilte HAFEST til dugnad ved Hareid kyrkjegard. Forvandlingane vart så store at sundag måtte mange leggje sundagsturen sin innom Kyrkjegata for å sjå den fantastiske natursteinsmuren ved Hareid kyrkje.

Muren har vore overgrodd i fleire tiår, ja så lenge folk kan hugse. Berre eit storarbeid kunne få muren tilbake i sin opprinnelege prakt. - Det er rett og slett eit meisterverk murmeister William Ringstad frå Haddal bygde i si tid, utbryt Arild Grimstad som er leiar i HAFEST.

HAFEST har fått mange innspel frå bygdefolk om å gjere noko med dette. Soknerådet gav klarsignal. Sist laurdag bretta karane opp ermane og fekk reinsa omlag 2/3 av den 175 meter lange muren. Resten blir ferdig førstkomande torsdag, om vêret er bra.

Gode faglege råd

Utfordringa er å ikkje skade fugane. Men Grimstad fortel at med gode faglege råd ser det tu til å gå bra.

Han fortel at nokre meiner at mosegroing er ein naturleg prosess, og at det er pent å sjå på. Men problemet er at mosen har øydelagt mykje. Fugen forvitrar av mold, røter, frost osb. Difor har heller delvis losna og fugene forsvinn under mosen.

Han oppmodar alle om å ta seg ein tur og sjå kor pent det har blitt.

Fleire prosjekt

HAFEST ventar no på våren og betre temepratur så dei kan setje ut blomsterurner i sentrum. Våren er forseinka i år, og det er også leveringa av urnene. Arild Grimstad spår at plantene ikkje er på plass før i byrjinga av juni.