– Det er fritt fram for alle som kan tenkje seg å prøve, frå heile fylket. Unge som eldre. Klubben vil stille med instrument til den som ikkje har sjølv. Lista ligg såleis så hyggeleg lågt som det er råd å få henne, seier Linda Nygård, som saman med Ulstein Trekkspelklubb inviterer til seminar 6. og 7. mai.

– Vi ser føre oss å dele deltakarane inn i tre grupper, fortel Nygård og legg til:

– Nivå 1 er for dei som ikkje har prøvd før. Nivå 2 er dei som har spelt litt, og så held vi av nivå 3 for dei meir vidarekomne.

Konsert søndagen

Det vert øving i grupper og så ryddast Reitensalen til konsert søndag ettermiddag. Der skal lokale klubbar, grupper, solistar og seminaristane spele Stian Aase og Lars Røyseng i DuoJupiter skal også spele og vere instruktørar under seminaret.

– Dei har lang erfaring med undervising av barn og unge, fortel Linda Nygård.

Nygård sjølv trer også inn som læremeister.

– Her startar vi heilt frå scratch (nivå 1) og held oss på høgresida av instrumentet – diskanten der melodien helst spelast. Du treng ikkje kunne lese notar heller, seier krumtappen i Ulstein-klubben.

Vil ha med fleire

Påmeldingsfristen til seminaret er sett til 30. april. Tidlegare arrangerte fylkeslaget seminar på ulike stadar i fylket. Men siste åra har rekrutteringsarbeidet forvitra.

– Trekkspelmiljøet har tradisjonelt vore svært aktivt i fylket vårt. Det er trist visst det no byrjar å gå galne vegen.

I Ulstein Trekkspelklubb står det heldigvis bra til. Dei 14 musikarane frå 11 til nærare 70 har det veldig kjekt på tvers av alder og røynsle. No vil dei at fleire skal få ta del i moroa.