Alle dei 51 lokalsjukehusa i Noreg med akuttberedskap, får behalde denne. Berre sjukehuset i Odda misser akuttkirurgi.

Dette blei klart etter at helseminister Bent Høie heldt føretaksmøte om sjukehusstruktur måndag ettermiddag.

– I minst 20 år har mange sjukehus levd med eit nedleggingsspøkelse hengande over seg. Den uroa har regjeringa no fjerna gjennom Nasjonal helse- og sjukehusplan, seier helseminister Bent Høie i ei pressemelding.

I fjor behandla Stortinget Nasjonal helse- og sjukehusplan. Det er første gong Stortinget behandlar ein nasjonal plan som grunnlag for utvikling av sjukehusa i landet.

Det er brei politisk semje om at vi framleis skal ha både store og små sjukehus med akuttfunksjonar i Noreg, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i pressemeldinga.

Tettare samarbeid

– Vi skal ikkje legge ned dei små akuttsjukehusa, men bevare og vidareutvikle dei, seier helseminister Høie.

Departementet ønskjer tettare samarbeid mellom store og mindre sjukehus. For å få til dette vil dei at større sjukehus skal leggje oppgåver over til mindre sjukehus. Målet er å betre utnytte felles kapasitet og kompetanse.