- Det var eigentleg hell i uhell at vedkomande klarte å svinge unna i tide, seier Lars Kristian Heggset til Vikebladet Vestposten.

Yrkessjåføren, som driv Heggset Transport, køyrer for Surnadal Transportpartner til dagleg. Han eig lastebilen han køyrer sjølv, og den var flunkande ny for berre nokre veker sidan. Måndag, rundt klokka 13, opplevde Lars Kristian sitt store mareritt. Ein raud bil av typen Peugeot kom køyrande i hans køyrefelt, rett mot lastebilen. Heggset stod på bremsa for å redusere farta på lastebilen sin, og i siste sekund styrte bilen unna. Den trefte likevel lastebilen, men i staden for ein front mot front-kollisjon enda hendinga med nokre riper i lakken og eit knust blinklys på lastebilen. Då han kom ut såg han etter bilen, som var i ferd med å stoppe nokre hundre meter lengre mot Ulsteinvik.  Men i staden for å snu og kome tilbake, køyrde bilen vidare mot Ulsteinvik.

- Eg var framleis ganske oppskaka etter hendinga, men ringte poltiet etter eit par minutt. Eg fortalde kva som hadde skjedd, og at dei måtte gjere det dei kunne for å stoppe bilen. Den har diverre fordufta, seier Heggset.

Les også: Mindre samanstøyt i Haddal

Skreiv innlegg

Då Heggset kom til Volvo-verkstaden i Furene fekk han roa seg ned, og skreiv så eit innlegg som han la ut på sin Facebook-profil. Eit innlegg som no er delt fleire hundre gonger.

- Ein liten Peugeot i front mot front-kollisjon med ein lastebil hadde ikkje vore noko fint syn. Eg er glad for at det ikkje enda slik, men eg vil gjerne at sjåføren av denne bilen melder seg! seier Heggset til slutt.

Om du har informasjon kring dette, kontakt politiet på 02800.

Her er innlegget til Lars Kristian i sin heilskap:

Du som kom fra Eiksund rettning Haddal ca kl 13.10 idag, i en liten rød peugeot 205/309 fra 80/90 tallet. Når du kjem langt over gulstripå. Å den møtende lastebilen berger live ditt med å stå på bremsen å holder inn kompressorhornet så du våkner. Så du nesten får rettet opp bilen din. Så går de an å stoppe for å skrive skademelding når du slår speilet ditt og støtfangerhjørnene dine så kraftig i den møtende bilen att det ligger strød plasstik 100 meter etter deg. Vist noen ser en rød peugot i Ulsteinvik området med skade på venstre side så er både eg og onkel-blå intrisert i å høre fra deg.

Bilen øydela eit blinklys og påførte lastebilen til Lars Kristian Heggset nokre striper i lakken. - Det kunne gått langt verre. Men, det er utruleg surt å måtte nytte eigen bonus for å få dette fiksa, når bileigaren enkelt og greit kunne stoppa og skrive under på skademelding. I staden er denne saka no hos politiet, fortel Heggset. Foto: Privat.