Ordføraren siktar til generalforsamlinga i Tussa fredag førre veke, der Ørsta kjempa om 50 Mørenett-jobbar, og med støtte frå Volda vann fram i generalforsamlinga til Tussa.

Men Riise presiserer at det likevel ikkje er nokon automatikk i at arbeidsplassane til Mørenett i Dragsund blir flytta til Ørsta.

Vedtaket i generalforsamlinga til Tussa fredag er realiteten eit utsettingsframlegg. Kampen stod mellom stemmene frå Herøy, Sande, Hareid, Ulstein og Vanylven på eine sida, og Ørsta og Volda på den andre sida. KLP røysta blankt.

Arbeidsgruppe foreslo Dragsund

Ei arbeidsgruppe har foreslått at Dragsund skal bli den nye hovudbasen for Mørenett på Søre Sunnmøre, eit forslag som kan føre til at om lag 50 tilsette i Ørsta blir flytta til Dragsund.

Men dette forslaget fall ikkje i smak i Ørsta, som eig om lag 35 prosent av aksjane i Tussa. Dei fekk med seg Volda, som har nærare 16 prosent, og dermed fekk dei fleirtal i generalforsamlinga.

Dei viste til aksjonæravtalen i Mørenett, der det står at hovudkontoret skal ligge i Ørsta.

Tafjord er hovudaksjonær

– Men det er Tafjord som er hovudaksjonær i Mørenett, Tussa er minoritetsaksjonar. No blir leiinga i Tussa nøydde til å setje seg ned med leiinga i Tafjord for å diskutere saka. Mest truleg må det bli ei ekstraordinær generalforsamling i Tussa, kommenterer Anders Riise.

Saka må også opp i styret til Mørenett, før det kjem til endeleg avgjerd i Mørenett.

Kor lang tid denne prosessen vil ta, torer ikkje Riise seie noko sikkert om, men han reknar med at det kan vere snakk om ein månads tid.

Toget er ikkje gått for Dragsund

– Så toget er ikkje gått for Dragsund, slår han fast.

Under generalforsamlinga i Tussa fredag laga kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven laga eit fellesforslag der dei gav uttrykk for at dei hadde tillit til at styret i Mørenett fann den beste løysinga både for aksjonærane og abonnentane. Og at det vart ei framtidsretta løysing for selskapet.

– Viktig å skilje monopoldelen

Ytre Søre-aksjonærane peika i uttalen også på at det er viktig å skilje monopolselskapet Mørenett frå dei andre selskapa i Tussa der konkurransen er open.

– Mørenett er oppdelt allereie. Utbyggingsdelen av Mørenett er skilt ut i selskapet BKK Enotek, og dette selskapet blir flytta frå Hovdebygda og Dragsund til Furene. Det er drifta som er att i Mørenett, og det er den om er plassert i Dragsund, forklarer Riise.

Selskapet Tussa 24 har hatt tilhald i same bygg som Mørenett, men det blir no vurdert å flytte dette selskapet til Hovdebygda. Dette for å oppfylle intensjonen i energilova om eit funksjonelt skilje mellom nære selskap.

Summen av kvar arbeidsplassane blir er uviss

– Så summen av kor mange arbeidsplassar som vil vere att i dei ulike selskapa er vanskeleg å seie. Men Dragsund er eit bygg som er spesielt tilpassa til nettdelen, så det er fornuft i å bruke dette bygget, seier Riise.

Han har tillit til at aksjonærane i Ørsta og Volda, etter å ha fått tenkt seg om ein gong til, stemmer for det som er til det beste for Mørenett.

Tussatun: Ørsta og Volda har til saman aksjefleirtal i Tussa, og dei ønskjer å samle flest mogleg funksjonar i sitt område. Til dømes ved Tussatun. (Arkivfoto). Foto: Morenytt