To bilar kolliderte i Drageskaret i Sande litt før klokka åtte i dag. Bilførarane, ei kvinne i 30-åra og ei kvinne i 50 åra, er sendt til sjukehus og lege.

Politiet melder elles om at det har danna seg ein del kø, men det er no sett i verk trafikkdirigering på staden. Dei melder også om at det er ein del snø i vegbanen.