Laurdag krydde det av feststemde menneske på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik. Det var statsborgarseremoni for 112 nye nordmenn. Tidlegare har alle nye statsborgarar i fylket blitt samla til ein felles seremoni i Molde, men frå i år er det to seremoniar. Og seremonien for Sunnmøre vart lagt til Sjøborg.

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste forklarer at dei valde Ulsteinvik for det låg sentralt plassert for heile Sunnmøre, og for at her var eit passande hotell med eit fint lokale for ein høgtidleg seremoni som dette.

– Det er rekordstor påmelding. Her er heilt fullt, sa ho nøgd til Vikebladet Vestposten.

Elskar Noreg

Og ein av dei som var med på seremonien var Robert Andersen. Han kom frå Romania til Kleven Verft i juni 2008.

– Kvifor vil du bli norsk?

– Eg elskar dette landet! Eg likar veldig godt det norske samfunnet. Folk smiler og hjelper deg. Eg likar det norske systemet, der alle får utdanning og så vidare. Og eg likar den norske naturen, slår den unge mannen fast.

Han hadde sett dokumentarar og bilete av Noreg før han kom hit. Han hadde vener som hadde reist til Noreg, og var klar for å prøve noko nytt.

– Eg kom ikkje hit for at eg trong firma. Eg hadde eige firma og pengar i Romania, men eg ville prøve noko nytt, fortel han. Etter den første turnusen på seks veker var ferdig, hadde han bestemt seg for at her ville han bli. Han kjende seg velkomen frå første stund.

– Eg trivst veldig godt i Noreg og på Kleven, seier Anderson som har vald å busette seg i Ulsteinvik.

To norske fagbrev

Sidan Anderson kom til landet har han tatt to norske fagbrev. Han er industrirøyrleggar og industrimekanikar. Han har også tatt ein del andre kurs. Han forklarar at han ønskjer å vere profesjonell, og då må han ha kunnskap for å vite kva han gjer. Han vurderer også å studere på høgskule, men tida strekk ikkje til alt. Døgnet skulle hatt fleire timar.

Han har ikkje skaffa seg familie. Men han har ein stor hobby. Han er flink til å smi i støypejarn. Han prøvde ein periode å selje kunstverka. Han fekk tilbakemelding på at det var veldig fint arbeid, men dette var slikt som var populært har i landet for tretti år sidan. No blir det mest at han gir kunstverka sine i gåver til vener og kjende.

Klubbleiar

Anderson er også klubbleiar på Kleven Contracting. Sånn får han reist mykje rundt og praktisert norsken sin.

Han fortel at han prøver å integrere andre utlendingar i det norske samfunnet. Han har vore aktiv for å få dei utanlandske arbeidskollegaene sine på norskkurs.

Skiftar namn

I samband med skifte av statsborgarskap har han skifta namn. Tidlegare heitte han Iliesco Viorel.

– Kvifor valde du å skifte namn?

– Det er for å lette integreringa. Eg ønskjer å bli norsk, og med det eit anna namn. Eg har fått tilbakemeldingar på at det nye namnet er svensk, ikkje norsk. Men det er ikkje første gong eg blandar kulturar, svarer han.

Han blir overraska når han får høyre at «berre» 42 prosent av dei nye statsborgarane vel å stille på seremonien.

– Dei vil bli norsk, men vil ikkje vere med på seremonien som markerer overgangen? Det forstår eg ikkje.

– Så dette er ein stor dag?

– Ja, sjølvsagt! Alt er viktig. Dette er ei viktig markering. Dessutan kan eg kanskje bli kjend med nye folk.

Helser: Under seremonien fekk Robert Anderson helse på ulsteinordførar Knut Erik Engh.