–Det er ikkje farleg å sitje under eller på galleriet, forsikrar kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul.

Det er truleg arbeid gjort for førti år sidan som er årsaka til at galleriet sig og treng støtte. I 1977 vart det nemleg bygd ei kasse med orgelpiper i gelenderet på galleriet. Først for fire år sidan vart det oppdaga at konstruksjonen var svekt: galleriet sig.

Mellombels løysing sidan 2014

Kaul fortel at nedsiget vart lagt merke til då orgelet skulle stemmast i 2013.

Då vart det sett i gang ei utgreiing for å finne ut korleis galleriet skulle sikrast.

–Forslaget gjekk opphavleg ut på å setje opp to nye søyler, ei på kvar side under galleriet, fortel Kaul.

Dette sa Riksantikvaren nei til, og grunngav det med at

stolpane ville påverke den visuelle opplevinga av kyrkjerommet.

For å sikre galleriet, vart så den provisoriske stolpen sett inn hausten 2014.

Feste i taket er løysinga

Stolpen står der framleis, godt festa til både golv og galleri. Håpet til Kaul er at Riksantikvaren snart vil godkjenne det Biskopen allereie har sagt ja til:

Galleriet skal sikrast ved å feste ei jarnstong i takkonstruksjonen. Biskopen i Møre har allereie sagt ja til ei slik løysing og no ligg saka på bordet til Riksantikvaren.

Riksantikvaren lovar raskt svar

Hege Sejnæs Eilertsen, seniorrådgjevar hos Riksantikvaren, har berre så vidt sett på gallerisaka frå Ulstein kyrkje.

–Eg har ikkje starta saksbehandlinga, men eg skal prøve å ha klar eit svar i løpet av dei næraste vekene, seier Eilertsen.

-Overkomeleg kostnad

Ulstein kyrkje vart bygd i 1849 og har i dag status som listeført hos Riksantikvaren. Det betyr at kyrkja er verneverdig og har nasjonal verdi.

Ifølgje Christfried Kaul skal det hentast inn anbod på jobben når Riksantikvaren har svart. Han meiner kostnaden er overkomeleg, og viser til at kommunen har løyvd 300.000 kroner til vedlikehald av kyrkja.

Kyrkjeverje: Christfried Kaul, kyrkjeverje i Ulstein, seier at det er heilt trygt å sitje på og under galleriet. – Det er ingen fare for at det skal rase saman, seier Kaul. Foto: Linda Eikrem