- Eg rakk eigentleg berre ein sjølvfie sånn i forbifarta, seier John Åge Sundal til Vikebladet Vestposten.

Sundal fekk nemleg knipsa eit bilete av seg og filmstjerna Ane Dahl Torp, som har ei av hovudrollene i NRK-serien "Hjemmebane" som blir spelt inn i Ulsteinvik for tida.

Sundal, som eig og driv Føhnix Dame og Herrefrisør AS lånar ut salongen til NRK.

- Dei har med eigen frisør og makeupartist, så det har vore mange forskjellige skodepelarar innom her. Eg fekk berre eit par ord og ein sjølvfie med Ane, men både ho og resten av gjengen var veldig hyggelege, seier Sundal og legg til:

- Dei fortalde meg at det er stas å få kome til salongen, og dei skrytte av salongen og korleis vi har det her. Det likar vi sjølvsagt!

Føhnix flytta frå Blåhuset til Sjøsida-bygget i 2015.