Hareid formannskap skulle under møtet mandag ta stilling til om kommunen skal bruke 100.000 kroner til å rekruttere assisterande rådmann og kommunalsjef i sektoren for samfunnsutvikling.

Formannskapet verka ikkje å vere særleg lystne på å diskutere saka, men Truls Håbakk (Frp) tok ordet og signalsierte at han hadde vore litt i tvil om det var fornuftig å bruke så mykje pengar på rekrutteringsarbeidet.

- Ein ting er å bruke pengar på å rekruttere ei rådmannsstilling, men eg har kome fram til at sidan det er snakk om to stillingar, så får eg la det passere, sa Håbakk.

Han la til at han syntest det var litt utydeleg kvar pengane skulle hentast frå.

Håbakk meinte også at tilrådinga til formannskapet var for lang, og kom med framlegg om ei kortare, med denne ordlyden:

"Formannskapet delegerer arbeidet med tilsettingsprosessen til forhandlingsutvalet og rådmannen. Forhandlingsutvalet får mynde til å nytte inntil kroner 100.000,- eks. meirverdiavgift for kjøpt av konsulenttenester i rekrutteringa."

Forslaget vart samrøystes vedteke.