Tysdag morgon har nok mange bilistar på Hareidlandet lagt merke til ein kar som går langs vegen med ei tralle framom seg.

Nederlandske Jörgen van der Pol er ute på ein skikkeleg langtur. I februar starta han frå Flensburg i Tyskland og sidan då har han vore gjennom Danmark, delar av Sverige, samt gått langs heile sørkysten av Norge. Men det er framleis langt igjen.

– Målet er å kome heim, smiler Jörgen.

Heim betyr i dette tilfellet Groningen i Nederland, men før han kjem dit skal vandraren mellom anna innom Nordkapp. Deretter vender van der Pol nasen heimover og då går turen innom både Finland, dei baltiske landa, Polen og Tyskland. Ikkje kvardagskost med andre ord.

– Totalt reknar eg med å bruke nærare eitt år på turen, og gå om lag 9000 kilometer.

Mykje vintervêr

Jörgen fortel at han i snitt går nærare 30 kilometer om dagen.

– Det er avhengig av fleire ting. Nokre gongar går ein 40 kilometer også, dersom forma er god, men så langt har forholda vore temmeleg harde. Det har vore røft, med mykje vinter! Eg har opplevd mykje snø og is så langt, seier han.

Spesielt no når vi nærmar oss mai hadde Jörgen håpt at vêret skulle verte betre, men i staden kom det ei ny runde med snø.

– No ser det heldigvis ut til at det sakte, men sikkert skal verte betre, seier nederlendaren.

Lokalavisa møtte van der Pol i Saunesmarka. Då var han på veg til Hareid for å nå ferja til Sulesund, men ei lita pause passa godt.

– Det er mykje opp og ned her i Norge, så det er tungt å gå.

Slit ut alt utstyret

Det blir ikkje lettare av at han har med seg alt utstyret han har bruk for, men i staden for å bere det med seg i sekk på ryggen, skubbar van der Pol på ei tralle med alt utstyret i.

– Eg overnattar stort sett utandørs, så eg har med meg ein presenning og sovepose og slike ting, samt ein del vinterutstyr. Eg har det meste eg treng for heile året, men ein del av utstyret blir slite ut etter kvart, så då får eg tilsendt ein pakke frå systera mi med nye ting, seier han.

Van der Pol peikar på skoa sine.

– Desse var vel nye for ei veke sidan, men eg har allereie slite hol i sida på dei. Det er heilt normalt, ler han.

Skumle tunnelar

På vegen over Hareidlandet er det nok mange som har svinga ut for å passere den nederlandske mannen som går langs vegkanten, og van der Pol fortel at han helst går på mindre trafikkerte vegar, der det er mogleg.

– Slik som det er her er det ikkje noko kjekt i det heile tatt. Det er for mykje trafikk, seier han og viser til dei mange lastebilane som passerer.

Vandraren er heller ikkje så glad i alle tunnelane han må gjennom i Norge.

– Eg har ikkje opplevd nokon farlege situasjonar, men eg er redd tunnelar. Eg har litt problem med auga mine, og i tunnelane er det heller ikkje alltid så lett for bilistane å sjå meg. Og så er det nokre som er altfor opptekne av å sjå på telefonane sine når dei køyrer, seier Jörgen, men legg til at dei aller fleste han møter køyrer skikkeleg.

Hobby

Turen frå Tyskland til Nordkapp og tilbake til Nederland er ikkje den første ekspedisjonen han har vore ute på. I 2008 padla han om lag 4000 kilometer for å skape merksemd rundt aksjonen ”Smil for Moldova”, medan han i 2016 gjekk frå Portugal til Nederland. Den turen var likevel berre halvparten så lang som den han no er ute på.

Kvifor har du lagt ut på ein slik tur?

– Det er mest fordi eg synest det er kjekt. Det er ein hobby for meg, men eg hadde håpa at vêret skulle vere betre, avsluttar han. Jörgen postar oppdateringar frå turen sin på Facebook-sida Kayak Cobber.