Sjølv om valet ikkje kjem før til hausten er valkampen i gong for fullt, også på våre kantar. Hareid-ordførar og Høgre-politikar Anders Riise blei av eige parti plassert på fjerdeplass for Høgre i Møre og Romsdal. Klarer partiet å få nok stemmer i fylket, kan Riise ende opp med ein plass på Stortinget.

- Det er ikkje umogleg. Det hadde i så tilfelle vore veldig spanande og ei stor ære for meg, seier Riise til Vikebladet Vestposten.

- Kampplass

Anders Riise var ein av dei som var til stades då arbeidsminister Anniken Hauglie besøkte Marin Teknikk nyleg, då som stortingskandidat. Han håpar at fjerdeplassen kan føre til at Ytre Søre får ein kandidat på Stortinget.

- Ein fjerdeplass er ikkje ein sikker plass med tanke på Stortinget, det er ein kampplass. Høgre var berre 600 stemmer frå å få inn dei øvste tre under førre val, og slik stemninga og meiningsmålingane viser no, er tredjemandatet godt innanfor. Ein fjerdeplass er difor veldig attraktiv, fortel Riise og legg til:

- Som fjerdekandidat blir eg då vara for dei tre øvste på lista. I forhold til næringslivet her på Ytre Sunnmøre, og ikkje minst innbyggjarane, så er det viktig at vi har ei stemme inn mot Stortinget. Oskar (Grimstad red.anm.) gir seg som kjent, og det er ikkje andre kandidatar på Ytre Søre som er så langt framme på listene at dei får møte på Stortinget anten fast eller med jamne mellomrom. Difor håpar eg på eit godt resultat for Høgre i Møre og Romsdal i valet, og eg er klar for å gjere ein god jobb for folket og næringslivet her ute, om eg får æra av å møte på Stortinget.