Yrkessjåfør Lars Kristian Heggset måtte stå på bremsa for å unngå å treffe ein bil som køyrde midt i mot lastebilen hans i Haddal måndag. Politioverbetjent Leif Arne Mork ved Ulstein og Hareid lensmannskontor seier til Vikebladet Vestposten onsdag at bilen, ein liten raud Peugeot som lastebilsjåføren meiner kan vere ein 205/309 frå slutten av 1990-talet, framleis er sporlaust forsvunnen.

- Vi har ikkje funne bilen, nei, seier Mork.

Les saka om nesten-ulukka her: - Meld deg!

Det har likevel ikkje mangla på tips frå publikum.

- Vi har fått mange tips om bilar av typen vi ser etter, men desse er no sjekka ut av saka.

Ønskjer fleire tips

Difor ønskjer politiet å oppmode fleire som trur dei kan ha sett den aktuelle bilen, eller som veit om nokon som har ein slik bil, om å melde i frå til politiet.

Politiet kan kontaktast via nummeret 02800.