Sidan 18. april har det vore redusert kapasitet på ferjesambandet Hareid - Sulesund. Grunnen til dette er at Tidefjord har vore vekke på årleg vedlikehald, men no er ferja tilbake.

Dermed skal det vere ordinær kapasitet i samabandet frå rutestart torsdag morgon. Det skriv Norled på sine nettsider.

Den siste tida er det berre A- og B-ruta som har vore trafikkert på sambandet.