I morgon, torsdag, har "Hjemmebane"-crewet behov for statistar som kan ta på seg ulike roller under ei scene der det blir straffesparkkonkurrane mellom to av hovudrollene, spelt av John Carew og Ane Dahl Torp. Straffesparkkonkurranse-scena vil finne stad på Høddvoll, og oppmøte blir på Høddvollhuset klokka 12:30. Opptaksdagen blir avslutta rundt klokka 21.

- Vi trur det blir ein veldig artig opptaksdag, og håpar verkeleg at fleire ønskjer å vere med! seier produksjonsteamet til Vikebladet Vestposten.

Nokre av statistane produksjonsteamet ønskjer seg skal fylle rollene som journalistar, av begge kjønn. Det er også eit ønskje om å få med ungdommar i alderen 15 år pluss, samt born i alderen 10 til 13 år. - Dersom du har lyst til å vere med, send meg ein mail på adressa kamilla.moe@nrk.no med fullt namn, alder, telefonnummer og eit bilete av deg sjølv. Skriv “Statist Hjemmebane” i emnefeltet, seier produksjonssekretær Kamilla Moe.