Mylna Nord får ei grøn lunge som buffersone mot industrien, utfylling i sjøen og ny kai, og tre etasjes hus med leilegheiter. – Dette kjem til å bli eit flott område, seier ordførar Anders Riise.

Hareid formannskap avgjorde måndag at reguleringsforslaget, detaljreguleringa for Mylna Nord skal leggjast ut til offentleg høyring i seks veker.

Planen er utarbeidd av Sporstøl Arkitekter og byggherre er Ulmatec.

Prosessen med å få regulert Mylna Nord har tatt langt tid, blant anna fordi det ikkje har vore heilt kontroll på eigarforholda. I tillegg har det teke si tid for Hareid kommune å få regulert inn eit reinseanlegg på området. Men no har dette også funne sin plass, eit stykke ovanfor Flemsøy-plattingen.

Mylna Nord blir ei forlenging av Mylna Indistriområde. Sjøen der det tidlegare var sandstrand skal fyllast heilt ut, og frå enden av moloen på indre Hareid skal det fyllast ut eit område på vel 100 meter. Også her skal det byggjast ei kai. Dette vil gjere det mogleg for industrien å ta imot endå fleire skip som treng service og/eller kaiplass. Deler av murrekkverket på dagens molo skal i følgje planen fjernast.

Grøn buffersone mot leilegheiter og småbåthamna

Som ei buffersone mot industrien på Mylna/Raffelneset er det tenkt eit lite offentleg grøntområde. Og på området der «Johan-butikken» og Hadarbygget står i dag, er det teikna inn eit treetasjes bygg med kontor/forretning i første etasje og leilegheiter i den to andre etasjane.

– Det må vere ein ypparleg stad å bu. Der er både solrikt, sjøutsikt og nært både til småbåthamna og sentrum, kommenterer Anders Riise.

Skal dette bygget bli realisert må dei gamle bygningane sanerast.

Riise understrekar at han ikkje kjenner til om utbyggjarane har umiddelbare planar om å føre opp eit nybygg. Interessa for bustader vil truleg vere avgjerande.

- Har tatt omsyn til innkomne innspel

I september 2015 fekk ulike høyringsinstansar som grunneigarar og naboar varsel om at planarbeidet skulle starte opp, og i følgje ordføraren har det i reguleringsforslaget blitt tatt omsyn til innspela som då kom inn. Dette gjeld blant anna innspel som Hareid småbåtlag har kome med. Planen har også teke omsyn til mjuke trafikantar, og har med ei løysing som skal gjere inn- og utkøyrsla til fylkesvegen mellom Hareid og Hjørungavåg tryggare.

Leilegheiter: Det er teikna inn eit bygg i tre etasjar på området Johan-butikken og Hadarbygget, rett ved småbåthamna. Foto: Anne Gry Eilertsen