Torsdag stod i tverrliggar-skytinga sitt teikn for filmteam, skodespelarar og statistar. Endeleg fekk NRK sitt filmteam ein solrik dag på Høddvoll, rett nok med ein kald nordavind i fanget.

Vi har ikkje lest manuskriptet til «Hjemmebane»-TV-serien, men utifrå det som foregjekk ute på gamle-Høddvoll, skal der vere ein slags konkurranse i tverrliggarskyting mellom dei to hovudrolleinnehavarane John Carew og Ane Dahl Torp. Det galdt å treffe tverrliggaren så mange gonger som råd frå 15 meters hald i seriar på fem skot. Sidan Ane er ein større skodespelar enn fotballspelar vart Andrine Nevstad henta inn som tverrliggar-reserve og stand-in.

Og det viste seg at ho hadde øvd på sakene. Ho leverte nemleg fleire fine seriar, men både for henne og Carew viste det seg vanskeleg å få til fleire enn eit par-tre treff i løpet av fem skot.

Men brått slo Andrine til med ein royal straight flush: fem strake treffarar – og den eine ballen traff faktisk to gonger etter først å ha reist rett til himmels på første berøring.

Korleis dei klipper det til når dei syr saman TV-serien - og kven som vann konkurransen – av Carew og Torp/Andrine - får vi vite neste år.

Andrine Nevstad viste seg svært treffsikker under tverrliggar-konkurransen på Høddvoll torsdag. Foto: Leiv Arne Grimstad.