Kvinna som vart funnen av politiet i Ulsteinvik tysdag, mistenkt for tjuveri i Ålesund, har vedgått fleire tjuveri.  Ho vart same dag frakta til arresten i Ålesund, og retten av bestemt at ho kan haldast i varetektsfengsel i fire veker framover.

Retten meiner det er god gruss til å tru at kvinna kan gjere nye straffbare handlingar som fører til høgare straff enn fengsel i seks månader viss ho blir sett fri no. Dei siktar til nye ytterlegare vinningskriminalitet i kombinasjon med narkotikalovbrot.

Dømd til sju månaders fengsel i januar i år

Det er lagt vekt på at kvinna har erkjent skuld for samtlege forhold ho er sikta for, med unntak av to.

Sidan februar i år har kvinna begått ei rekke vinningstjuveri trass i at ho så seint som 6. januar 2017 vart dømd til fengsel i sju månader for vinningslovbrot. Ho er no sikta for 13 tilfelle av tjuveri eller liknande vinningssaker som skal ha vore gjort sidan byrjinga av februar.

Vanskeleg å vere edru

Kvinna har forklart at ho rusar seg jamleg, også på amfetamin når ho har råd til det. Ho har forklart at ho har hatt tilbod om ytterlegare oppfølging frå psykiatrien, men at ho ikkje har tatt imot tilbodet, fordi ho synet det er vanskeleg å halde seg edru.