Arbeidsløysa i Møre og Romsdal justert for vanlege sesongsvingingar har no gått ned 4 månadar på rad.

- NAV si bedriftsundersøking for 2017 viser ei betring i arbeidsmarknaden. Det er fleire bedrifter som trur på auke i arbeidsstokken samanlikna med dei siste par åra. Det er også større mangel på arbeidskraft og bedriftene har noko større utfordringar med å rekruttere ønska arbeidskraft. Dette gjeld både i Møre og Romsdal og i landet samla. Dette er indikasjonar på at vi er inne i ei tid med minkande arbeidsløyse, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Nedgang i arbeidsløysa

Ved utgangen av april var det 4.273 personar som var heilt utan arbeid i Møre og Romsdal, noko som utgjer 3,0 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 7,3 prosent i forhold til same månad i fjor.

1.251 arbeidssøkjarar er på ulike arbeidsmarknadstiltak, 382 fleire enn i april 2016. Dette gir til saman ei brutto arbeidsløyse på 5.524 personar. Arbeidsløysa er no på 2.1 prosent for kvinner og 3,8 prosent for menn, ifølgje dei ferske tala frå NAV.

I Norge totalt sett er det no 78.212 heilt arbeidslause, eller 2,8 prosent av arbeidsstokken. Det er ein nedgang på 8,5 prosent samanlikna med same periode i 2016.